Har du vore flink nok i år?
Det nærmar seg slutten på året og det er tid for å sjå tilbake på 2017. Visste du at heile 97% av dei potensielle kundane dine søkjer etter lokale bedrifter på internett? Me har laga ei topp 10-liste med spørsmål om marknadsføring på nettet, der alle har lyst å svara ja - men truleg lyt svara nei...
- Har eg vore flink nok å oppdatera nettsida mi i år?
- Har marknadsføringsplanen i 2017 (om du i det heile har hatt ein) vore god nok?
- Veit eg nok om kundane mine?
- Har eg utnytta det store potensialet som ligg i statistikkverktya til Facebook og Google godt nok?
- Er nettsida mi brukarvenleg nok både for meg og kundane mine?
- Veit eg kva ord og uttrykk folk søker på for å finna meg?
- Veit eg korleis dei som besøker nettsida mi kjem inn på henne?
- Kjem bedrifta mi høgt opp på alle søk på Google?
- Veit eg kvifor eg legg ut det eg gjer på sosiale media?
- Gjev nettsida mi svar på det kundane lurar på?
Mange vil nok svara ”nei” eller ”veit ikkje” på mange av desse spørsmåla. Mange har berre ei nettside fordi dei føler dei må og legg ut eit og anna på Facebook fordi alle andre gjer det, men kor mange har ein heilheitleg plan bak det dei gjer?
4 av 5 kjøp startar på eit eller anna vis med eit søk på nettet. Det er difor lurt å verta funnen i desse søka. Det skal ikkje nødvendigvis så store og avanserte grep til for å koma høgare opp på lista. Det som fungerer i dag fungerer kanskje ikkje i morgon. Det er viktig å alltid vera i forkant og agera på informasjon som du får frå brukarande dine.
Kva markeds- og salstiltak vil gje deg og di bedrift raske resultat og samstundes byggja opp under ein langsiktig vekststrategi i 2018? Ta kontakt med oss i Glynt om du har lyst å kunna svara ja på fleire av desse spørsmåla. Me kan hjelpa med nettside, Facebook, Google Analytics, AdWords og søkemotoroptimalisering.