Enkle tips for marknadsføringa i 2018

people-coffee-notes-tea.jpg

Vil du ha nokre få, enkle og rimelege marknadsføringstips for 2018? Sjølvsagt.

Om du skal lukkast lyt du nå kundane dine. Det høyres enkelt ut, men kan vera vanskeleg og virka som ein enorm jobb. Det treng det ikkje nødvendigvis vera. Her er nokre enkle råd for å koma i gang.

Lag ein plan
Det fyrste og beste tipset er å planlegga. Det viktigaste er å planleggja i grove trekk og seinare bryta ned til mindre oppgåver. Kva er målet? Kven skal me nå? Gjennom kva kanalar skal me nå dei? Kva er bodskapen? Når gjer me kva? Kven i bedrifta har ansvar for kva? På sparket-prosjekt er dyrt. Er aktiviteten planlagt på førehand, budsjettert og fordelt, er sjansen for å lukkast større.

Evaluering
Kva har fungert tidlegare? Kva bør du fokusera meir eller mindre på det komande året? Har du marknadsført tema som målgruppa di synes er interessant og relevant?

Strategi
Å leggja ut eit halvgodt innlegg i ny og ne, er ikkje nøkkelen til suksess. Det er klart ein fordel å ha målsetningar og ein tydeleg strategi for å oppnå måla.

Tenk utanfor boksen
Kvalitetsinnhald aukar rangeringa i søkjemotorane. Men den største krafta i innhaldet ligg i at det har innverknad på korleis folk oppfattar merkevara di. Ta sjansar, bruk kanalar i vekst. Dei fleste kjøp startar på eit eller anna vis på sosiale media og internett. Ha det i tankane når du planlegg aktiviteten din.

Ta gjerne kontakt med oss om du ynskjer hjelp til å koma i gang med ein marknadsplan for 2018. Lykke til!

Glynt