Bøker

Glynt har erfaring med både meir og mindre omfattande bøker med større og mindre opplag. Her finn du eit utval bøker Glynt har designa og produsert. Tenker du på å skrive bok, så ta kontakt med oss!

 

«Å lese ei bok for fyrste gong er som å finne ein ny ven; å lese boka for andre gong er som å sjå att ein gamal ven.»


 
 

NORHEIMSUND INDREMISJON 150 ÅR, 1872-2022

Øystein Ådland har ført pennen med stødig hand til det som vart eit flott jubileumsskrift på nær 100 sider, trykt på godt papir og med foliert omslag. Layout og trykking har Glynt AS i Øystese stått for. Stoffet inkluderer litt om bakgrunnen for oppstarten i 1872, om barne- og ungdomsarbeidet, om song og musikkliv inkludert ein større bolk om Norheimsund og Øystese Ungdomskor, om samarbeid med kyrkja, om fellesskapsbygging, og om visjon for framtida. Teksten er supplert med rikhaldig foto-materiale, og tek med artige historier, intervju og faksimilar som vi trur speglar både spøk og alvor. Skriftet skildrar det omfattande kristelege kulturarbeidet arbeidet som har pågått i bedehuset over åra, og litt om kva fotavtrykk dette har sett. Mange i bygda vil finna ein av sine nære, kjende eller seg sjølve att i innhaldet, og kanskje reflektera litt over dette etterpå. Boka vart trykt i 300 eksemplar.

 

XYZ AV ODDVAR SKOGASEL

Tredje boka til Oddvar Skogasel er ein krim med tittel «XYZ» som kom ut hausten 2021. Framsida til «XYZ» er illustrert av Glynt som óg står for design og produksjon av boka. Oddvar Skogasel har før gitt ut to bøker. Fyrste boka «Odelsguten» måtte trykkast opp att i 2017 etter godt sal. Oppfølgaren «Odelsgut i solnedgang» kom ut i 2018. Glynt har tatt del i prosessen med alle tre.

 

BREIDABLIK - eit fjelleventyr

Lars Arvid Oma og Inger Dysvik har skrive historia om det magiske hyttetunet Breidablik (1162 m.o.h.) i kvammafjella i Hardanger. Hyttene mellom Skrott og Geitafjell er livsverket til Bjarne og Anne Marit Huse. Her budde familien kvar sommar frå 1968 og fram til Bergen og Hordaland Turlag fekk overta det særprega hytteanlegget i 2012. Boka, som er rikt illustrert med fotografi og teikningar, skildrar byggeprosessen - frå starten i 1968 og fram til den nye DNT-gjestehytta stod ferdig hausten 2018. Det var då 50 år sidan Bjarne og Anne Marit Huse starta arbeidet i høgfjellet. Investeringa på nær sju millionar kroner viser at turlaget i vestlandshovudstaden meiner alvor med å sikra Breidablik for framtida, fjellslottet som allereie er blitt ei av dei mest populære DNT-hyttene i Hordaland. Boka byd også på sidehistorier, alle med utgangspunkt i Breidablik og kjærleiken til fjellet: Om det harde arbeidet, naturopplevingane, fridomen i høgfjellet, dei gode møta mellom fjellfolk, gjestfridomen til vertsfolket og den djupe fjellgleda som Bjarne og Anne Marit har formidla i 44 år. Ei stor skattkiste er dei mange hyttebøkene (dagbøker), der Haugbonden sjølv, Bjarne, har skrive eigne skildringar kvar dag i fjellet sidan starten i 1968. Det vert med andre ord dokumentasjon, skråblikk, skildringar og portrett i ei høveleg blanding. Design og produksjon av Glynt.

 

 

GAMALT FRÅ KVAM

«Gamalt frå Kvam» er årboka til Kvam soge- og kulturminnelag. «Gamalt frå Kvam» er framhald av årboka Bygdejol, utgjeven av ei nemnd frå Hardangerforlaget som sidan 1997 er eid av Kvam soge- og kulturminnelag. Bygdejol vart utgjeven kvart år frå 1945 til 2005. Glynt har hatt gleda av å gje boka form og stå for trykkinga i 2020, 2021 og 2022.

 

 

SLEKTSBOKA SVERKE HEINESON LINGA

Slektsbok etter Sverke Heineson Linga inneheld gode livshistoriar og navn på forfedre og etterkomarar. Forfattarane som har gjort ein grundige jobb med boka er Kjell Vestrheim, Birger Linga og Sigbjørn Linga. Glynt står for design og produksjon.

 

 

DET ER HER ME BUR

Lingalaks kom i høve 40 års-jubileumet ut med boka «Det er her me bur - lokalt engasjement, globalt perspektiv». Forfattarane Marie E. Skutlaberg og Birger Linga har tatt for seg den 40 år gamle historia til Lingalaks.

Dette er ikke slutten på noko stort, men starten på noko større!
— Rolv Haugarvoll

 

MINNEBOK

Solrunn Nes sin biografi «Minnebok - Glimt fra oppveksten min på Nes» vart samla mellom to permar og gitt ut i 2020. Glynt står for design og produksjon.

 

 

SMÅTT OG STORT FRÅ GRANVIN

I januar 2020 vart Granvin og Voss saman med grendene på Oksenhalvøya ein ny kommune under namnet Voss herad. I samband med den historiske hendinga fekk Granvin herad utarbeidd boka som fortel smått og stort fra tida som eige herad. Glynt har stått for design og produksjon.

 

 

ODELSGUTEN

Fyrste boka til Oddvar Skogasel «Odelsguten» måtte trykkast opp att i 2017 etter godt sal. Oppfølgaren «Odelsgut i solnedgang» kom ut i 2018. I 2021 kom Skogasel ut med krimboka «XYZ». Glynt har tatt del i prosessen med alle dei tre bøkene.