Personvernerklæring

 

Denne personvernerklæringa fortel korleis Glynt samlar inn og nyttar
personopplysningar og informasjonskapslar.

Nettsida nyttar standard informasjonskapslar (cookies) i samband med føring av besøksstatistikk og for å forbetra nettstadens funksjon. Ingen identifiserbare persondata vert teke vare på i forbindelse med statistikken. Me utleverer ikkje slik informasjon til tredjepart eller andre føremål.

All e-post som vert sendt til «post@glynt» vert lagra i vårt supportsystem. Desse vert loggførte som ein del av ditt kundeforhold, og vert lagra så lenge du har eit kundeforhold med oss.

Ved utfylling av kontaktskjema på nettstaden lagrar me denne informasjonen i vårt system. Dette for å kunna yta betre kundeservice.

Ved å melda deg på vårt nyheitsbrev, seier du ja til at ma lagrar namnet og e-postadressa di. Slik kan me senda deg relevant informasjon om våre tenester. Din informasjon vert ikkje delt med andre partar og vil verta lagra hos oss inntil du melder deg av nyheitsbrevet.