Kvam - Glad handel

Kvam - Glad handel vil vise fram næringslivet i heile Kvam. Kvam har eit utruleg godt utval av tilbod, og det ynskjer me skal halde fram. Følg Kvam - Glad handel på Facebook.

 

Glad handel


 
 
 

JULEMAGASIN FOR NÆRINGSLAGA

Næringslaget i Norheimsund og næringlsaget i Øystese har gått saman om eit felles julemagasin - Glad handel. Julemagasinet inneheld julestoff, arrangement-oversikt fram mot jul, konkurranse, ei oppskrift frå kokken på Hardangerfjord hotel og annonsar med gode julegåvetips. Magasinet vert distribuert via Posten til Kvam og hytteeigarar på Kvamskogen. I tillegg finn du det i butikkar og andre stader rundt i bygdene. Glynt har forfatta tekstar, fotografert, stått for illustrasjonar, bidratt med annonsesal i tillegg til grafisk design og produksjon av magasinet. Håpar det fell i smak!

 
 

I julemagasinet kan du blant anna lesa om den nye julelys-pyntinga i bygdene, om flittige born på arbeidsstova i Norheimsund og Ole Johannes Bakke si fortjeljing “Jul i Bosfjell”. Om du treng julegåvetips finn du det hos dei mange flotte annonsørane. Hugs å svara på konkurransen!

 

Fyrste utgåva av julemagasinet Glad handel kom ut i 2020. Design og produksjon: Glynt AS.

Julemagasinet «Glad handel» 2022 vart distribuert via lokalavisa Hordaland Folkeblad. Magasinet inneheld tekstar om Hardingsaumen As, Hardangerbadet, Kvam Kulturskule, Hardanger fartøyvernsenter, ei god oppskrift frå Hardanger Matkasse og informasjon om ei mengd arrangement i Kvam l. Takk for oppdraget Kvam - Glad handel / Øystese Næringslag og Handelstaden Norheimsund.