Kva tid på dagen er det best å publisera på Facebook?

kaboompics_Woman taking photo of coffee in bed-2.jpg

Finn ut når målgruppa di vaknar. Det er då du bør leggja ut Facebook-innlegget ditt.

Morgonen startar ofte med mobilen. Mobilen vekkjer oss og det fyrste me gjer etter å ha slått av alarmen, er å sjekka Facebook, Twitter, Instagram, Snapchat og e-post. Me gjer dette før me snur oss for å sjå om den som ligg ved sida vår har vakna. Kjenner du deg att i dette?

Rundt 80% av dei mellom 18 og 44 år sjekkar smarttelefonen i løpet av 15 minutt etter dei har vakna og har den med seg i 22 av 24 timar i døgeret, i følge IDC. Sjølv om me nyttar andre ting i løpet av dagen, er mobilen alltid innan rekkevidde og det er alltid den me vaknar og sovnar til.

Bommar ein for mykje på tidspunktet ved publisering går det raskt utover rekkevidda. Ein analyse frå Socialbaker konkluderer med at over halvparten av rekkevidda til eit Facebook-innlegg vil inntreffa den fyrste halvtimen etter publiseringa, resten dei neste sju timane.

Kva tid som er best avheng veldig av kven du ynskjer å nå, men her er nokre generelle råd:

Nokre tider for publisering er betre enn andre:

  • På morgonen når mottakaren akkurat har vakna
  • Rett før og etter arbeidstid om du vil nå dei som bur i by og nyttar kollektivtransport
  • Etter at ungane har lagt seg og ein sit og ser TV (tilpass innhaldet til å vera lett fordøyeleg)
  • Rundt leggetid

Nokre tider er ikkje fullt så bra:

  • Ikkje publiser i arbeidstida om du ikkje veit at målgruppa er aktive då
  • Ikkje i middagstida, då er det offline-tid med familien
  • Helger er ikkje nødvendigvis bra, men sundag kveld etter at ungane har lagt seg og me førebur oss til ei ny veke
Glynt