Korleis verta synleg i 2018

StockSnap_ARKITT7DVA-med-glynt.jpg

Nesten alle nyttar Google når dei skal finna varer og tenester. Både privat og i jobb. Trendar og korleis ein vert funnen i søk endrar seg stadig. Her er nokre tips til kva ein bør tenka på i 2018.

Mobilvenleg side
Google har lenge sagt dei prioriterer mobilvenlege sider. Langt fleire går inn på nettsider via mobilen enn frå ei stasjonær maskin. Såkalla responsiv design er nødvendig – ikkje lenger berre ein trend. I tillegg til at sida teknisk fungerer på alle typar skjermar bør ein òg sjå på kor brukarvenleg sida er på mobilen.

Godt innhald
Er det som står på sida di engasjerande nok? Om besøkande brukar litt tid på sida og ikkje klikkar seg rett ut att, vert ein belønna av Google for dette og kjem høgare opp i søk.

Meir innhald
Alt med måte sjølvsagt, men meir innhald på sida gjer at ein vert indeksert på fleire ord og vert meir synleg.

SSL
Eit SSL-sertifikat viser om ein nettstad er ekte. Dette er synleg gjennom eit hengelåssymbol eller ordet «sikker/secure» i grønt i starten på adresselinja. Google rangerer nettsider som har SSL-sertifikat høgare enn dei utan.

Adwords
Annonsering på Google er ein god måte å koma seg opp blant søkeresultata. Det treng ikkje kosta så mykje og ein kan enkelt spissa seg mot målgruppa.

Glynt