Er nettsida di universelt utforma?
Alle sider som er laga eller redesigna etter 1.7.2014 skal vera universelt utforma. Frå 2021 må alle sider, uansett alder, vera det. Kva betyr dette?
Kva er UI?
Universell utforming er ei rekke krav som nettsider må fylla eit visst antal av for å verta godkjende. Dette er til dømes krav til kontrast mellom tekst og bakgrunn, alternativ tekst på bilete, krav til lenker og krav til forstørring.
Alle nettsider retta mot allmenta i Noreg må følga krava. Storleik på organisasjon, storleik på omsetning eller type bedrift/organisasjon har ingenting å seie.
Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har eit eige tilsynsorgan som kontinuerleg sjekkar nettsider. Om ein ikkje føl krava til UI kan ein i ytterste konsekvens få dagbøter.
Kvifor er universell utforming viktig?
I tillegg til å vera lovpålagt, er det eit par viktige grunnar til å ha ei universelt utforma nettside. Føl ein krava til UI vert nettsida brukavenleg. Ei brukarvenleg nettside skaffar fleire kundar.
Ein del av krava er dei same som Google har. Er nettsida universelt utforma, vert ein meir synleg i Google.
Undrar du på om nettsida di er universelt utforma eller treng du hjelp til å endra sida di slik at ho fyller krava? Ikkje nøl med å kontakta oss.