5 ting å tenkja på når du treng ein designar
Du har ein idé. Du treng noko gjort. Kva bør du tenkja på for å få det du ser for deg, innanfor dei rammene du ser for deg? Her er nokre tips.
1. Undersøk
Litt forarbeid aukar sjansen for eit godt samarbeid. Sjekk referansar og kva andre kundar designaren har. Snakk med andre. Er dei nøgde med samarbeidet? Kvifor/kvifor ikkje?
2. Budsjett og tidsfristar
Dei fleste er ikkje ute etter å lura kundane sine. Ikkje ver redd for å snakka om budsjett for å finna ut korleis de kan få mest mogleg ut av midlane de har. Sjølv om dei fleste vil strekkja seg langt for å nå ein tidsfrist, er det ikkje fleire timar i døgeret i designbransjen enn i resten av samfunnet. Sjansen er stor for at du ikkje er den einaste kunden som skulle hatt noko ferdig snart. Å vera ute i god tid er alltid lurt!
3. Målgruppa og bodskap
For å ikkje kasta vekk tid og pengar med feilkommunikasjon er det smart å tenkja nøye gjennom kven som er målgruppa og kva bodskap ein ynskjer. Designarar finn ut korleis ein kan løysa utfordringar og oppnå ynskt effekt. Design er verktyet.
4. Innhald
Kva er prisen på utforming av eit hefte? Kva kostar ei nettside? For å unngå eit scenario der heftet treng åtte sider ekstra og nettstaden må omstrukturerast i siste liten, krevs det planlegging. Ha mest mogleg av innhaldet klart før designaren set i gang og vert einige om ein disposisjon.
5. Inspirasjon
Ofte veit me ikkje kva me vil ha før me ser det. Det kan vera lurt å ta ein runde og sjå kva andre gjer og kva du syns fungerer og ikkje, slik at du har eksempel å visa designaren. Det er greit å få eit innblikk i kva visuelt uttrykk du ser for deg. Hugs at ein ikkje skal kopiera, berre la seg inspirera!