Folk protesterer mot Snapchat

pexels-photo-533422.jpeg

Kva har skjedd i den digitale verda i det siste? Her er nokre utvalde høgdepunkt.

  • Har du irritert deg over at det kjem kvit ramme på bileta du publiserer på Snapchat når du hentar dei frå kamerarullen? Du har kanskje allereie fått med deg at denne no er fjerna? Det kan jo sjølvsagt diskuterast om noko av sjarmen med Snapchat si usminka her-og-no-publisering forsvinn, men no er det altså fritt fram å nytta arkivbilete utan å verta teken for det så lett.
  • Folk likar ikkje den nye designen til Snapchat. Ein kampanje på change.org har samla over 1,2 millionar underskrifter for å fjerna oppdateringa som kom for nokre veker sidan.
  • Snart kan du lasta ned bileta dine frå Instagram. Tenesten er ikkje lansert endå, men lekkasjar røpar at den ikkje er langt vekke.
  • Det skal no verta mogleg å lysa ut ledige stillingar og senda søknadar direkte på Facebook. Funksjonen er ikkje komen hit til landet endå.
  • Google Assistant, funksjonen som gjer at du kan snakka til Google i staden for å skriva inn det du er ute etter, kjem til Noreg i løpet av våren.
  • Visste du at det fins eit eige nettsamfunn for fiskarar? Eit slags Facebook for sportsfiskarar. Appen «Fishbrain» har i dag rundt fem millionar brukarar.

Ynskjer du å vita andre meir eller mindre nyttige ting om den digitale verda? Ikkje nøl med å kontakta oss. Meiner du me har gløymt noko eller ikkje fått med oss noko? Då må du i alle fall kontakta oss.

 

Kjelde: heltdigitalt.no

Glynt