Tips: Ikkje sats alt på Facebook

sticker-mule-199257-unsplash.jpg

Nyttar du Facebook som den einaste kanalen for å nå kundane dine? Det er ein heller dårleg idé.

Facebook er ein god og relativt rimeleg måte å nå kundar på. Difor har mange flytta marknadsføringa over dit. Tanken om at ein lyt vera der kundane er, er god. Alle er jo på Facebook. Nokon firma er til og med så vågale at dei ikkje har ei eiga nettside og knapt er å finna i telefonkatalogen – kun på Facebook.

Kva skjer så når Facebook gjer endringar som gjer at du vert mindre synleg? Nyleg måtte nettstaden littlethings.com, med over 12 millionar følgjarar på Facebook, leggja ned verksemda etter at algoritmeendringar gjorde at 75% av rekkevidda deira forsvann.

Facebook vil framleis vera ein god stad å treffa kundar på, men etter at Mark Zuckerberg gjekk ut og sa at dei ville prioritera vener og familie endå meir, har det vorte vanskeleg for bedrifter å nå fram til alle dei ynskjer.

Det er viktig å hugsa på at ein har null kontroll eller eigarskap til det ein legg ut på sosiale media. Facebook er desidert størst i dag, men det er historielaust og naivt å tru at dei vil vera det alltid.

Kva bør du gjera? Legg bodskapen din på nettsida di. Dette er trass alt ein av få kanalar ein eig sjølv og har full kontroll over. Sprei så bodskapen på nokre ulike måtar; Facebook, Instagram, Google AdWords eller kanskje noko papirbasert som ei annonse eller ein brosjyre. Kva kanal som er riktig vil nok variera frå bedrift til bedrift.

Treng du hjelp til å laga ein nettstad, laga innhald til nettsida di eller til å velja kanalar for marknadsføringa? Ring eller send oss ein e-post.

Glynt