Få auka sal gjennom nettsida di

apple-apple-devices-business-205316-innhald.jpg

Godt innhald fører til trafikk og sal på internett. Ein treng godt innhald for å nå fleire kundar. Når nokon søkjer på noko, skal sider med det beste innhaldet visa, og visa høgast oppe.

Mange er gode på innhaldsmarknadsføring. Andre ikkje. Her er nokre grunnar til å bli god og betre på det du skriv på nettsida di. 

Større trafikk
Har du godt innhald aukar det sjansen for å koma høgt opp på søk på Google. Fordelen med høg såkalla «organisk synlighet» som kvalitet på innhaldet gjev, er at du får god plassering utan å nødvendigvis måtta betala for det.

Sosiale media
Det løner seg å jevnleg legga ut godt og engasjerande innhald på sosiale media. Ser Facebook at du får mange «likes» på det du legg ut regelmessig, får du betre synlegheit og når fleire. Stort engasjement rundt det du legg ut fører til at innlegga spreier seg meir, du når fleire og får truleg fleire følgjarar. Å bruka innhaldet på nettsida til målretta annonsering mot enkelte kundegrupper på sosiale media er òg lurt. Ein kan lika eller mislika det, men Facebook veit det meste om oss. Det gjer at segmenteringsverktyet deira er svært godt. Annonsering på plattforma er òg relativt billeg. Du styrer sjølv kor mykje du vil betala.

Merkevarebygging
Gjev du vekk nyttig informasjon og opplyser, heller enn å plaga, kundar, aukar det truverda di. Det viser at du har kompetanse og vil hjelpa. Slikt byggjer gode assosiasjonar til bedrifta di. 

Spar tid
Er det spørsmål på telefon, e-post eller i butikk som du brukar mykje tid på å svara på? Skriv noko om temaet, lag ei FAQ (ofte stilte spørsmål)-side eller svar på dei vanlegaste spørsmåla i ein artikkel på nettsida. Det vil redusera tida du treng bruka på å svara på det same om att og om att og gje deg meir tid til å konsentrera deg om andre oppgåver.

Meir sal
Dei fleste kjøpsprosessar startar på internett. Mange likar å lesa om produkt og tenester før dei kjøper. Andre har eit behov og googlar «korleis dekka behovet». Om du då kjem opp med ein artikkel rundt dette temaet er det større sjanse for at kunden går til deg i staden for konkurrenten som ikkje har noko informasjon på nettsida si.

Treng du hjelp, idéar eller tips til korleis du kan auka trafikken på nettsida di? Stikk innom eller ta kontakt for ein prat.

Glynt