5 enkle tips til marknadsføring

OFDYVN0.jpg
 

1.     Bruk digitale marknadsføringskanalar. Om du gjer det på riktig måte, når du enkelt ut til rett kunde med rett bodskap til rett tid. Du har ikkje råd til ikkje å bruka digital marknadsføring.

 

2.     Ver der kundane dine er. Du treng ikkje vera i alle marknadsføringskanalar. Finn ut kvar kundane dine er, og bruk desse kanalane. 

 

3.     Gje meir enn du tek. Ikkje legg ut bilete av prangande sals-plakatar. Kutt ut sals-mas. Bruk god tid på å byggja tillit hjå kundane. Bygg relasjonar til målgruppa med verdifult innhald. 

 

4.     Følg lovar og reglar. Nyttar du Facebook må du setja deg inn i retningslinene der. Har du lov å bruka biletet du fann på Google? Bryt du alkohol-lova? Du risikerer å få ein fem-sifra rekning frå fotografen om du har brukt fotoet utan lov. I verste fall må du stengja bedrifta di for godt om du har gjort eit stort lovbrot.

 

5.     Bruk tid og pengar. Det er ikkje nok å berre oppretta ein konto i ein digital marknadsføringskanal. Eigen innsats, annonsekroner og eventuelt innleigd marknadsføring må du rekna med å bruka jamt over. 

 

Det er lov å be om hjelp. Det er dumt å bruka eigne ressursar på noko som ikkje fungerer. Kontakt oss gjerne for ein gjennomgang av kva du brukar marknadsføringskronene dine på.

Glynt