Ny personvernreglar – er du i gang med endringane?

computer-content-control-270700.jpg

Folk flest legg igjen digitale spor utan at ein sjølv er klar over det. Di nettside lagrar persondata om dine kundar fordi dei aksepterer vilkåra på di nettside - utan at dei nødvendigvis les dei. Difor har EU innført eit regelverk som gjer folk rett til å sletta sine digitale avtrykk frå din nettstad.

Tysdag 22. mai vedtok Stortinget ny personopplysningslov – den trer i kraft tidlegast i juli. EU er tidlegare ute, om ein sel varer og tenester frå Noreg til EU var fristen 25. mai. GDPR er ei forordning som skal styrka personvernet ved behandling av personopplysningar i EU. Hensikta med dette er å hindra at personopplysningar lek ut og vert spreidd. 

Alle bedrifter er pliktige til å informera besøkjande klart og tydeleg om dette. Framleis usikker på kva du bør gjera? 

-      Lag ei oversikt over kva personopplysningar bedrifta di behandlar
-      Sørg for at du oppfyller dagens krav, då er det lettare å få oversikt over kva de må endre
-      Set deg inn i det nye regelverket
-      Lag deg rutinar for behandling av personvernopplysningane
-      Mange bedrifter må oppretta personvernombud – eit bindeledd mellom leiinga, dei
       registrerte og Datatilsynet.

Føl ein ikkje desse reglane kan ein få ei bot på opptil 4% av bedriftas brutto omsetning.

Forhåpentelgvis er du allereie godt i gang med endringane, men er du framleis usikker på om du føl reglane eller kva du må gjera med nettstaden din for å følga dei? Ta kontakt!

Glynt