Facebook gjer store endringar – råkar dei deg?

Social-Media-in-the-Workplace.jpg

I august kunngjorde Facebook at dei vil fokusera meir på lokale bedrifter. Funksjonen for å sjå kva ein kan finna i nærleiken av der ein er vil verta mykje meir synleg og viktigare. Anbefalingar frå kundar kjem betre fram og konkurrentane vil kunne visa på Facebook-sida di.

Uansett storleik på di bedrift vert det no viktigare å arbeida hardt for å levera eit så bra produkt og god kundeservice som mogleg. Dette vil vera spesielt positivt for bedrifter som tek i mot bestillingar, reservasjonar, etc.

Ved å ikkje nytta seg av dette (vera lite synleg og tilgjengeleg) vil ein mista potensielt nye kundar til fordel for konkurrentar. Gode nyheiter er det for bedrifter med mange gode tilbakemeldingar frå kundar. 

Det vert òg lettare å lysa ut og søkja på ledige stillingar direkte frå Facebook-sida di. Funksjonen for lokale bedrifter vil òg gje brukarane forslag om alt frå arrangement til anbefalingar om kafear og andre bedrifter. 

Om du vil ha meir igjen for tida du nyttar på Facebook? Kontakt oss for tips og rådgjeving! 

 

Glynt