Du treng truleg ny logo

Posten_logoar.png

Ein god logo er tydeleg, unik og lett å kjenna att. Logoen er sjølve fundamentet i ein visuell profil. For å visa at ein heng med i tida, bør logoen fornyast med jamne mellomrom. Når gav du logoen din ei overhaling sist?

Fornying er modernisering og forbetring av den eksisterande logoen – også kalla re-design. Sjølv om logoen din ikkje er velutvikla og moderne, er det viktig å tenkja gjennom kva verdi logoen har for firmaet. Har han noko i seg som bør vidareførast, noko som folk flest forbind med firmaet? Om logoen er godt etablert og kjend hjå målgruppa, bør du vera forsiktig med endringane. Det siste ein ynskjer er at resultatet vert så vanskeleg å kjenna att at kundane går til ein konkurrent. 

Store merkevarer som Google og Facebook gjer kontinuerleg endringar i logoane sine, men kun små justeringar i fargar, skuggar, effektar og typografi kvar gong. Sjå her korleis Google sin logo har endra seg gjennom tida. 

Logoar er noko dei fleste har ei meining om. Bevisst eller ubevisst. Det handlar mykje om kjensler. Ofte vert fornying møtt med skepsis og negative haldningar. I 2016 lanserte Instagram eit re-design av logoen sin der dei gjekk frå eit realistisk ikon til ein meir abstrakt, enklare og flat versjon med få fargar. Desse endringane førde til store protestar. I dag er det få som hugsar eller saknar den gamle logoen og Instagram har omtrent dobbla antal brukarar. Re-designet er nok ikkje aleine årsaka til dette, men den har truleg hatt ein finger med i spelet. 

Ynskjer du å signalisera endring i firmaet, eller manglar logoen ein god grunnidé som høver til firmaet sine verdiar? Då kan du tenke heilt nytt og gå for full overhaling av logodesignet. 

Vurderer du no ny design av logo? Her er fem viktige spørsmål som kan hjelpa deg på vegen: 

1. Har bedrifta utvida eller endra seg? Har bedrifta starta produsera nye produkt? Har bedrifta fått mange nye tilsette? Med slike interne endringar kan det vera på tide å vurdera å gje bedrifta eit eksternt løft også.

2. Har bedrifta fått konkurranse?Re-design av logoen kan visa dei eksisterande kundane dine at du er moderne og oppdatert og at du framleis bør verta vurdert.

3. Snakkar du til eit nytt publikum?
Om du er klar for å utvida kundebasen din, kan re-design vera akkurat det du treng. Gjer det riktig og den nye logoen vil hjelpa deg å få kontakt med eit nytt publikum og framleis oppretthalda den allereie eksisterande kundebasen. 

4. Har firmaet sine verdiar eller oppdrag endra seg?
Om personlegdomen til bedrifta har endra seg frå slik det var når du byrja, bør logoen gjenspegla desse endringane.

5. Er logoen utdatert?
Om logoen din vart oppretta på 80-talet, kan det vera på tide å koma inn i ei meir moderne tid. Ikkje er den berre estetisk sliten, men designet er truleg heller ikkje kompatibel med nye teknologiske «duppedingsar». 

Har du tankar om fornying av firmalogoen din så tar me gjerne ein prat med deg!

Glynt