Kvifor må nettsida di vera mobilvenleg?

man-wearing-black-shirt-lying-on-white-hammock-1612482.jpg

Om du ynskjer å vera konkurransedyktig må nettsida di vera mobilvenleg. Over halvparten av all trafikk på internett kjem frå mobilar. Du utelet altså halvparten av brukarane om sida ikkje er god nok. 

At sida ser ryddig og fin ut på liten skjerm er ikkje nok. Nettsida må ha eigen mobilmeny og designelementa må flyte i riktig rekkefølge og tilpassa seg ulike skjermbreidder. Skrift og bilete må òg vera tiltenkt mobil, slik at lastetida for nettsida er låg. 

Det er svært viktig at sida lastar rask. Statistikken viser at alle som klikkar seg inn på ei nettside forventar å sjå henne i løpet av to sekund. Om det tar tre sekund før innhaldet dukkar opp på skjermen, vil mange allereie ha forlate sida. 

Ei mobilvenleg nettside gjev betre treff i søk på internett. Google prioriterer ikkje berre relevant innhald med gode tekstar, men sider som eignar seg på mobil vert rangert høgare enn dei som ikkje er mobilvenlege.  

Er du usikker på om nettsida di er mobilvenleg? Kontakt oss. Me lagar sider tilpassa mobil og kan også vurdera om den eksisterande sida di kan gjerast meir mobilvenleg.

Glynt