Flukta frå nettsida

landscape-3535943_1920.jpg

Les du statistikken på nettsida di av og til? Har du lurt på kva «bounce rate» er?

Fluktfrekvens, som det heiter på norsk, er talet besøk som kun har ei sidevisning på nettsida di. Om den besøkande ikkje gjer meir enn å vera på denne eine sida, vert det rekna som flukt.

Flukt kan vera at brukaren har klikka på ei lenkje til ei ekstern nettside, skrive inn ny URL i adressefeltet, klikka på tilbakeknappen som tek ho til tidlegare besøkte sider, lukka sida eller berre vore på sida lenge utan å gjere noko. 

Årsaka til flukta kan altså både vera at brukaren fann og ikkje fann det han såg etter. For å skilla desse kan ein sjå på tida som er brukt på sida. Låg tidsbruk kombinert med høg fluktrate er stort sett negativt.

For stor «bounce rate» kan vera teikn på at brukaren fekk ei dårleg oppleving. Med unntak av blogg, nyheiter og «events» kan ein som ein tommelfinger-regel seia at ein «bounce rate» over 70 prosent er negativt. 

Korleis få besøkande til å verta verande på nettstaden din:

  1. Sørg for kort lastetid. Særs viktig er det at hastigheita på mobil er god. 

  2.  Bruk interne linkar, men ikkje på kvart ord. Ver strategisk. Tenk etter om linkane er relevante for lesaren. 

  3. Call-to-action (CTA). Knappar eller anna som oppmodar om handling. Til dømes «Kontakt oss», «Kjøp her» og «Bestill».

  4. Nettsida må vera tilpassa mobilbruk. Brukarane har mindre tålmod ved bruk av mobil enn når dei nyttar ei datamaskin. Budskapet på nettsida må difor koma tydeleg og raskt fram. Les meir om kvifor nettsida di må vera mobilvenleg.

Treng du hjelp til å få ned fluktfrekvensen frå nettsida di? Eller lurer du på kva statistikken tyder? Ikkje nøl med å kontakta oss.

Glynt